top of page
welcome to stay at the farm

 

Bestilling Solskinnsgris 

Tusen takk for bestillinga! Vi gleder oss til å levere Solskinnsgris til deg hausten 2025!

Solskinnsgrisene frå Ellingbø Gard går frå juni til september på det frodige stølsbeitet vårt på 900 moh. Stølsbeitet har vore nytta i fleire generasjonar til mjølkekyr, og er svært rikt på urter og næringsstoff. Her er det frodig grasbeite, røter, sopp, lyng og vier, som er godsaker for grisen å ete. Det er myr og søle å rulle seg i, gapahuk å sove i og lun bjørkeskog å kose seg i. Grisene kan springe rundt og rote i jorda, noko grisen treng for å vere lykkeleg. 

​

Grisene går fritt på eit stort område, slik at dei har svært god boltreplass. Gjennom sumaren går dei ei periode saman med ti-tolv mjølkekyr og deretter rundt tjue kviger. Dette set grisen stor pris på, då grisen er eit sosialt dyr.

​

Vi bur sjølv på stølen gjennom sumaren med mjølkekyr, og har då mykje tilsyn og kontakt med grisane. Roper vi på dei, kjem dei springande, spente på om det er noko kos å få. Derfor er våre griser sosiale, friske og veldig glade griser, med krøll på rova, noko som er eit teikn på at han har det bra. Dette blir det godt kjøtt av!

​​

Vårt fokus er god dyrevelferd og eit godt griseliv. Dette gir svært god kvalitet på kjøttet vi leverer. Vi har eit antal griser som gjer at vi har full kontroll og god kontakt med dyra til ei kvar tid. Vi er stolte av arbeidet vi legg ned i garden og dyra, og kvalitetsproduktet vi leverer. 

​

Vi leverer Solskinnsgris til private kunder, DNT Fondsbu på Eidsbugarden, Sommerhotellet i Vang, Nythun i Nord-Aurdal, og er imponert over lokale bedrifter sitt engasjement for lokalmat og svært takksame over alle privatkunder som kjøper lokalmat! Grisene blir slakta via Nortura, og skore og pakka av den lokale bedrifta Per Reboli AS på Leira, ei bedrift med stor kompetanse inna kjøttforedling. 

 

Dette er våre pakker med stykningsdeler, vakuumpakka: 

  • ​  9 kg: ribbe, koteletter, filet og anna godt! Kr 245,-/kg

  • 15 kg (inkl. 4 kg farse): ribbe, koteletter, filet, steikeklar farse og anna godt! Kr 235,-/kg, farse kr 135,-/kg

  • 50 kg/ halv gris (inkl. 8 kg farse): alt det gode frå ein halv gris! Kr 215,-/kg, farse kr 135,-/kg


Vi tek imot førehandsbestilling. For å sikre god dyrevelferd og god kontakt med og oversikt over dyra våre, vil vi ha om lag 40 griser. Vi stenger for bestilling når vi er oppe i det talet. 

bottom of page